Jarle Wæhler_Statens VEgvesen4-3000.jpg

Aktivitetar og attraksjonar

 

På Nygård har vi trampoline, sparkesyklar, go-cart trøsykkel, og i gangavstand finn du pumptrack og skateramper. Du kan også teste stisykling i Napen-stien litt lenger oppe i dalen.

Hos oss

Stryn Sommerski

Stryn Sommerski er eit alpinsenter på Strynefjellet langs fylkesveg 258 kjent som Nasjonal Turistveg Gamle Strynefjellsvegen (vegen er vinterstengt frå oktober til slutten av mai.  Senteret er plassert på Tystigbreen og byr på mange opplevingar i sommarsnøen. Stolheisen på 1000 meter bringer deg opp i brebassenget der det er muligheter for frikjøring på eige ansvar. Terrengpark ved stolheistraseen. Senteret har ein fallhøgde på tilsaman 290 meter. Har  du lyst på ein anleis sommarferie for både store og små, så er dette staden for leik, moro og eineståande naturopplevingar.  Les meir.

 

Fjellturar

Oppstryn er eit mekka for vandreglade, og du kan velge mellom lange toppturar opp mot 2000 meter, eller familievenlege stiar gjennom dalane og til koselege sætrar.  Bruk linkane under for å planlegge turane!  

 

Jostedalsbreen nasjonalparksenter

Lær meir om den store Jostedalsbreen, og naturen og livet i og rundt nasjonalparken på Jostedalsbreen nasjonalparksenter, i kort avstand frå Nygård Camping. Kinosal med film om Jostedalsbreen nasjonalpark (9 språk),  utstillingar med berøringsskjerm med informasjon om nasjonalparkane i Norge,  parkområde med geologisk park og ein botanisk hage. Kafê med sal av kaffe/te og småkaker. Souvenirbutikk med steinsmykker, varer av norsk design, lokalmat, bøker, kart m.m. NB: Sommaren 2020 held nasjonalparksenteret stengt.

 

Loen Skylift

Frå fjord til fjell på 5 minutt - Norges lettaste topptur. Loen Skylift er ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena, inst i Nordfjord, i hjartet av Fjord Norge. Ei pendelbane tek deg frå fjorden til 1011 meter. Nyt utsikta over fjordlandskapet - frå restaurantbordet, eller ute på tur i fjellet. I sommarhalvåret kan du også oppleve ei høgtsvevande zipline her oppe.  loenskylift.no

 

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen er ein klatresti rett bak Hotel Alexandra. Klatrestien er sikra med wire heile vegen og tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh, med eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, rett ned til Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. På toppen møter du Loen Skylift, som tek deg tilbake til fjordnivå. Sommaren 2020 opna også Zipline Loen som du kan ta som avslutning på klatreturen.

I Hydlaparken kan du leike deg i klatreløyper mellom tretoppane, hyle deg gjennom zip lines, utfordre deg i pump tracken eller slappe av med ein kopp kaffi. Dei minste kan boltre seg i miniHYDLA, dei tøffaste kan hoppe frå Hydlaspranget, medan du som berre vil utforske den fantastisk flotte moreneryggen som klatreparken er bygd på kan rusle på stiane og kikke opp i trekrunene. Her er alle velkomne og vi legg vår stoltheit i å kunne tilby aktivitetar for folk i alle aldrar.

Hydlaparken